Originalen

Dette er vår første sider, bryggja sidan 2016 med ein kombinasjon av gamle oppskrifter og moderne metodar. Det som starta som ein hobby, har utvikla seg til ein lidenskap, bygd på erfaring og tolmod med respekt for råvarene. Epla vert handplukka og foredla til edle dråpar på vår eigen gard. Dette er smaken av byrjinga.

Laga av eplesorten Aroma. Medium sødme, nytes avkjølt. Inneheld konserveringsmiddelet sulfitt

Blend ‘25

Når sideren er ferdig, samlast familien rundt bordet. Alle blender sin eigen favoritt av dei ulike eplesortane. Etter mykje latter og nokre høglytte diskusjonar finn vi fram til ei frisk og fruktig blanding med sødme og syre, klar til å nytast. Smaken vil variere litt frå år til år, og kvar årgang får sitt eige særpreg.

Laga av eplesortane: Aroma, Gravenstein og Summered. Medium sødme, nytes avkjølt. Inneheld konserveringsmiddelet sulfitt

Raud Humle

I Sørfjorden i Hardanger ligg Digranes gard. Her har frukt vorte dyrka i generasjonar. Då Tommy og familien tok over garden, vaks ønsket om å skape noko nytt, eit handverk mellom tradisjon og framtid. Slik vart Haust Sideri til. Raud Humle er ein tradisjonell hardangersider, tilsatt bringebær, rips og humle, ein smak som er både kjend og ny.

Laga av eplesortane: Aroma, Gravenstein og Summered. Medium sødme, nytes avkjølt Inneheld sulfitt